Stor satsing i lita bygd
På Veitastrond i Luster kommune i Vestland fylke er det stor satsing på mjølk- og kjøtproduksjon. Andre helga i mai viste bygda seg frå si beste side då dei to nyaste storsatsingane innan mjølkeproduksjon hadde open fjøs for alle som ville ta turen inn til Veitastrond.
Frilansar Buskap
Nes Søndre i Luster kommune i Vestland
.png)
Knut Fredrik Nes og Nina Halvorsen
Mjølkekvote: Disponerer 200 000 liter, eig sjølv 150 000 liter
Buskap: 20 kyr, fullt påsett, sel oksekalvane til liv
Areal: Eig 117 mål dyrka
Bygde nytt frittståande fjøs til 10,5 millionar
Nedre Heggestad samdrift i Luster kommune i Vestland
Arild Garen Svardal og Stine Nyheim Stølen
Mjølkekvote: Disponerer 360 000 liter, eig sjølv 150 000 liter
Buskap: 43 kyr, fullt påsett, sel oksekalvane til liv
Areal: Eig 200 mål dyrka, leiger 50 mål dyrka
Påbygg på eksisterande mjølkekufjøs med gjenbruk av fôrsentral og silo, kosta 17,5 millionar
.jpg)
Heilt nytt frittståande fjøs på Nes Søndre hjå Knut Fredrik Nes.
.jpg)
Smitteslusa til Knut Fredrik har tydeleg skilje mellom rein og urein sone, og her tek både brukarane og besøkande på seg garden sine sko og overtrekks- klede før dei går vidare inn til husdyr- rommet.
.jpg)
Den mykje omtalte trappa på Veitastrond. Gjenbruk er i vinden for tida, og Knut Fredrik har brukt skada spalteplank til å byggja opp trapp i inngangspartiet.
.jpg)
Knut Fredrik har Autofeeder skinnegåande fôrvogn. Denne fôrar til oppsett tid og er kanskje den rimelegaste fullautomatiserte fôrløysinga som er på marknaden.
.jpg)
Veitastrond sin største fjøs tilhøyrer Nedre Heggestad samdrift. Nybygg til venstre og gjenbruk av fôrsentral og silo. Den eldre delen skal truleg byggjast om til oksefjøs.
.jpg)
Arild framfor nokon av kalvane på “ungdyrsida”. Alle frontane har fanghekk. Bingane er romslege med rein og tørr liggjeplass.
.jpg)
Ro og harmoni i lausdrifta på Nedre Heggestad. Her tyder alt på at liggjebåsane har god utforming sidan så mange ligg samstundes og få dyr “står og heng”. Ei mjølkeku kan gjerne liggja og tyggja drøv 14 timar i døgnet for å utnytta fôret godt og for å produsera mykje mjølk.
.jpg)
Arild ved sida av fôringsroboten Lely Vector som får grovfôr rett frå fylltømmaren til siloen og kraftfôr frå eine kraftfôrsiloen.
Den flotte jordbruksbygda er omkransa av Jostedalsbreen nasjonalpark, og er det største slettelandskapet i Sogn og Fjordane. Dette viser att med at gardane er store, flate og lettdrivne til å vera på Vestlandet. Vegen inn til bygda er i seg sjølv ei oppleving for dei som ikkje køyrer der ofte, for denne er lang, smal og rasutsett, særleg vinterstid kan det komma store snøskred som kan isolera bygda frå omverda.
Fornøgde bønder
Både Knut Fredrik Nes og Arild Svardal hadde frå før eldre båsfjøs som var modne for utskifting, og begge måtte ta eit val om dei ville satsa som bønder inn i framtida.
— Eg er svært fornøgd og stortrivst, det er veldig fint å vera bonde, faktisk betre enn eg trudde, så folk må berre satsa, seier Arild med eit smil.
Knut Fredrik seier seg også eining. Han set pris på fleksibiliteten som nyefjøsen gir i høve til korleis det var før med mjølking og fôring til faste tider kvar dag.
Kraftinntekter
Begge desse gardane hadde gode kraftinntekter frå 2022 då straumprisane var høge, og desse ekstra inntektene gjekk rett inn i fjøsbygginga. — I tillegg til kraftinntekter, har me fått maks tilskot frå Innovasjon Noreg på 5 millionar kroner kvar i tillegg til rentefrie lån frå Luster kommune, så me har hatt gode økonomiske vilkår, fortel Knut Fredrik. Han fortel vidare at dei heldt budsjettet, og er fornøgd med det.
Automatisk fôring
Begge fjøsa har automatisert fôringa. — Eg har Serigstad skinnegåande rundballballekuttar, også kalla Autofeeder, og dette er kanskje den billegaste fullautomatiske fôrløysinga ein kan få, fortel Knut Fredrik.
Denne fôrar til oppsett tid, men går ikkje på mengde så han må følgja litt med på kva fôr han legg inn.
Hjå Nedre Heggestad samdrift er fôrtildelinga endå nokre hakk meir automatisert. Her har dei eigen fôringsrobot, Lely Vector. Denne køyrer fyrst ein runde og sjekkar kor mykje fôr som ligg att på fôrbrettet, deretter sender den bestilling til fylltømmaren i siloen kor mykje silo den skal ta opp, tek også inn passeleg mengd kraftfôr i blandinga og leverer deretter ut berekna mengd grovfôrblanding på fôrbrettet. Denne prosedyren gjentek seg ein gong i timen heile døgnet, så kyrne har til ei kvar tid nok og godt fôr tilgjengeleg, og dei treng ikkje konkurrera om å få det beste grovfôret.
— Stemninga blant kyrne i fjøset er roleg, og kyrne veit at det alltid er mat å få, slik at dei slepp å gå og sjekka om det er mat og “møta” til kvar fôring, seier Arild fornøgd.
Robotkrøll
For begge fall valet på Lely mjølkerobot fordi dei likte oppsettet og synest den var kompakt og hadde rolege rørsler. Begge er fornøgde med roboten, men dei har også vore frustrerte til tider i oppstarten fordi denne roboten bør ha minst 10 kyr på mjølketanken for at ikkje frysepunktet skal bli for høgt. Dette kan også gjelda andre robotmerker. Ved for høgt frysepunkt i mjølka fekk dei problem med levering til Tine, og dette kom som “lyn frå klar himmel”. Ved konsentrert kalving og/eller relativt liten besetning, så er det ynskjeleg å starta levering til meieri når ein har 3- 4 kyr som mjølkar, men med så få kyr vart det vassinnblanding i mjølka og problem med frysepunktet. No når det er full drift fungerer roboten heilt flott, men det skal bli spennande å sjå om Fjøssystemer greier å finna ei god løysing på dette problemet.
Spaltegolv med skraperobot
Begge har spaltegolv i gangarealet og full kjellar under bygga. Dei har også skraperobot på spalten, slik at det til ei kvar tid er forholdsvis reint å gå for kyrne, noko som er bra for klauvhelsa og elles for hygienen i liggjebåsane og vidare for jurhelsa. I gjødselkjellaren har dei Slurry-anlegg som bles luft inn i ulike soner som mellom anna skal gi betre gjødselkvalitet og hindra danning av den livsfarlege gjødselgassen hydrogensulfid. Gjødsla er homogen og er til ei kvar tid opprørt.
— Ei bakside med Slurry-anlegget er at det vert ein del lukt, både i og rundt fjøsen når anlegget går, slik at det er best at anlegget går til tider ein normalt ikkje er i fjøsen, seier Knut Fredrik.
Gode ambassadørar
Denne opne dagen var topp reklame for norsk landbruk og elles for mjølkebonden, for her fekk alle som kom, sjå ei levande bygd der markene er i full drift og godt stelte. Dyra i fjøsane hadde det veldig fint og såg fornøgde ut, og det er akkurat slik ein ynskjer at norsk matproduksjon skal framstå. Desse to bøndene har investert i gode og fine arbeidsplassar for framtida, og dei produserer mat av topp kvalitet der god dyrevelferd er ivareteken.
.jpg)
Gamleavdelingen har Arild tenkt å byggja om til oksefjøs. Han kan bruka same fôringssystemet her.